søndag 31. oktober 2010

Bursdagsgåve til ein ettåring!

Den første ettåringen i barselgruppa vart feira idag! (Har det gått eit år allereie?!?) Dagens midtpunkt er yngst av tre søstre, og eg kjenner meg rimelig sikker på at det går mykje i rosa i den heimen ;-) Her måtte eg altså finne det mest jentete stoffet i hylla, og om her ikkje er noko rosa, så er det iallefall nokre lilla detaljar.. Kjolen er i utganspunktet lik den eg har laga tidlegare (ref gardininnlegg), men denne varianten er med fôr. Veldig enkelt å sy, og nokså fin på! (Og berre for å illustrere at vi straks er på flyttefot, tar eg med ein flyttlåda frå IKEA i bakgrunnen..)

Velkomen lille Th

Vi er minst to som syr på Jeløya! R-H har også funne pedalfoten, og er i gang med saumfaring ho og.. Nærare syklubb har eg aldri vore! For ganske nøyaktig to veker sidan organiserte vi vår første sykveld hos henne, men allereie etter ein halvtime tok vi kveld (iallefall eg - R-H er neppe enig, ho hadde nokre timar med solid arbeid foran seg). Utan å gje så veldig mange detaljer kan eg vel sei at i løpet av den halvtimen openberra det seg klare signaler på at ein fødsel var i gang (nei, det var ikkje eg som skulle føde), så eg tusla heim til meg sjølv og sydde dette settet til guten som var på veg. Kvelden etter vart lille Th. fødd, gratulerer så mykje R-H, og godt jobba!

fredag 8. oktober 2010

Nytt liv til gamal gardin

U har hatt same gardin på rommet sitt i åresvis, og eg har skult bort på den og tenkt at eg syns det er litt råflott at akkurat den heng på rommet te ein gut på 8 år som ikkje kunne bry seg mindre om korleis gardina ser ut. Eg tok difor ei sjefsavgjersle, og bestemte at U strengt talt ikkje treng gardin, det blir jo berre så mørkt heile tida. Han treng berre ein film på vinduet som hindrer for innsyn, og då får han også meir lys til legobygginga! Som tenkt, så gjort - og vips er deler av gardina forvandla til ein japansk-inspirert kjole til lille F. U utbraut tilogmed "åj, så fin kjole F har fått" (han har derimot aldri sagt noko a la "jeg har jammen fin gardin på rommet mitt jeg"..sådetså..). ((I ettertid har eg oppdaga fleire sølvtusj-flekkar på kjolen, men slik er det vel - har det vore guttegardin, så har det vore guttegardin..))

mandag 4. oktober 2010

fargeglade barneklær!


Eg har kanskje nevnt at eg ikkje er så glad i rosa...? Eg er ikkje heilt imponert over mine evner når det gjeld å sette saman farger og mønstre, men her syns eg faktisk eg har lukkast. Nokså crazy, men eg blir likevel glad av fargane! Mønster er frå Ottobredesign, men mønsteret på buksa er nokså modifisert. Stoffet er vel stort sett frå stoff&stil, trur eg, raud cord og mjukt elefantstoff (eg er ikkje inne i sy-terminologien enda, er det dette som er interlock?).


søndag 3. oktober 2010

Ny vognpose!

Lille F har fått seg ny vognpose idag! Vi har egentlig arva ein gamal voksipose, men eg får den ikkje heilt til å passe i vogna...bretting og knyting her og der, og deler av posen som dett utfor og gnisser borti hjulet (vi har kanskje ein litt vanskelig vogn når det gjeld slike ting..). Eg hadde ikkje heilt klart for meg korleis eg skulle sy ein vognpose, og hadde vel strengt talt ingen idé om korleis eg ville ha den heller. Men med lett planlegging og improvisering undervegs vart den altså slik. Eg trur den dug..? Stoff er grøn kord og fôrstoff frå stoff&stil, og posen inni er sydd av ei dyne kjøpt på jysk for nokre smålappar. Mønster er altså heilt fullstendig eige.


Lille F godkjenner posen...