fredag 19. juli 2013

Vognposefest!

Sommaren ramla over oss, og lille B hadde behov for ein lett og lys sommerpose i vogna si. Det var eit behov fleire hadde, og plutselig hadde eg bestilling på tre sommerposer i tillegg! No triller halve barselgruppa rundt med Dåjdåj-poser! Mødrene har valgt ut stoffer, og eg har sydd saman. Stas! Posene er såvidt fôra med tynnaste dyne frå IKEA, og har glidelås i botnen og på sidene. På den måten kan ein ta av heile overdelen på skikkelig varme dager, samtidig som ungen fortsatt sit lunt og godt på botnen. Ei løysing eg er veldig nøgd med! 






Gratulerer med dagen S!

Ein liten kompis har nettopp fylt eitt år! Han er ein skikkelig turgut, så han har fått ein vindtett utebukse av oss, klar for neste fjellerobring!