torsdag 29. april 2010

Sa eg bukse...?

Lille F er veldig fin i raud og oransj har vi funne ut. Denne buksa frå Günter har eg sydd eit par gonger tidligare, men applikasjon er nytt for meg, korleis gjer ein det eigentleg? Skal ein ikkje helst ha vlise..lin..? ..vliso..fix..? Ettersom eg aldri har tålmodighet til å verken teikne av mønster nøyaktig, måle opp eller nåle, så fekk denne litt forskjellig lengde på beina. Hadde det ikkje vore for applikasjonen hadde det vel ikkje synast...Bildet var ikkje av beste kvalitet, stoffet ser litt skittent ut. Men i røynda er det ein frisk raud cordfløyel.

Enda ei bukse..

Lille F måtte også få seg ei slik bukse som fetteren, sjølv om ho ikkje akkurat driv med så mykje jogging heilt enda... Mjuk og romsleg iallefall, eg skulle nesten ønske eg hadde ein slik sjølv!

Akrobatdress

Minste tantebornet er ein særs akrobatisk liten kar, og eg måtte prøve meg på ein liten joggedress til han. Mønster til buksa har eg vel i utgangspunktet henta frå Günther, men det er modifisert såpass mykje at eg nesten må kalle det mitt eige. Mønster til genseren er frå Ottobre design. Eg har aldri laga genser før, og iallefall ikkje slik halskant. Ingen har fortalt meg at eg må klippe stoffet på skrå, så difor ser det slik ut. Sydd i mjuk velur frå Stoff&Stil. Eg var eigentleg redd den skulle bli for liten, sydd i str 2 år, men den passa akkurat!

Til kalde dager..

Eg er så heldig at eg har fått tre fantastiske tanteborn i vinter! Dei har vel eigentleg vore van med eit noko lunare klima, og derfor tenkte eg at tre varme bukser kunne være godt å ha på hustrige dagar! Sydd etter modifisert mønster frå Ottobre design og Günthers "Børnetøj..", stoff frå Stoff&Stil og Ikea. Er relativt nøgd med dei to største buksene, men på den minste vart det noko herk med kanteband (det har eg aldri prøvd før) og seleopplegg...