tirsdag 7. mai 2013

Sommardrakt i retrogrøn

Det er riktignok ikkje heilt glovarmt ute enda, men det er stas å kunne ha litt meir sommarslege kle. Dette grøne frottéstoffet er min favoritt for tida!



Kosmonautdress

Lillesøster treng ein lett og vindtett dress, og eg var såpass crazy at eg slo til med raud farge! Og den MIR-patchen er berre heilt fantastisk! Det er knapping foran, og dressen er både enkel å sy og kle på. Eg har allerede fått bestilling på ein slik til ei lita venninne, eg gler meg! 


Vårbukser og skjørt

Vinteren er på hell, og det er behov for noko anna enn ullundertøy og kjeledress. Søstrene har fått matchande blomsterbukser, storesøster har fått smurfeskjørt og maskintunika.