søndag 24. juli 2011

Ikkje lenger unik

Eg har fått storbestilling på selebukser (ein bestilling på fire bukser nesten samtidig er tre bukser fleir enn noko anna bestilling)! Eg har laga to nye selebukser med g-nøkkel på, men denne gongen har eg applikert på sjølve g-nøkkelen. I tillegg fekk eg bestilling på ein meir "guttete" selebukse, gjerne med ein motorsykkel på. Motorsykkel er ikkje akkurat det enklast eg har forsøkt å applikere, kan nokon teikne ein enkel og fin motorsykkel til meg? Den siste buksa skulle helst ha eit friluftslivsrelatert preg. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å lage noko fjell-/isbreaktig, men innsåg at det var heilt urealistisk for meg å få det til. Det vart derfor nokre ugler i eit tre. 

4 kommentarer:

  1. Hei og takk for koselig besøk for en stund siden! så utrolig flotte bukser, du er jo utrolig god på å applikere! Klem

    SvarSlett
  2. Hei og takk for herleg vaffelgilde ja! Og takk for kompliment - eg har imidlertid juksa litt her: uglene her er klipt ut av et kjøkkenhandkle frå Åhlens.. :)

    SvarSlett
  3. Så fine dei var!! Veldig kjekt å følge med her! -du må berre legge ut lenkje på fb, så eg hugsar på det litt oftare;)

    SvarSlett
  4. Takk for det EA! Det er ikkje akkurat så veldig ofte eg oppdaterer bloggen (eller syr - iallefall ikkje på sommaren), men eg får vurdere å legge ut link i ny og ne :)

    SvarSlett