mandag 24. januar 2011

Kløvertunika

Heldige Hil vert stadig vekk invitert i dåp og navnefest og julefeiring og bursdag og slike tilstelninger der ein må ha med gåve, og eg syns verkeleg ho er i ferd med å skape ein fin tradisjon ved å gje eit og anna frå Dåjdåj-kolleksjonen! Denne gongen ville ho gje vekk ein kløvertunika!

torsdag 20. januar 2011

Hettegenser igjen

Jaggu fekk eg eit lass med herlege stoffer til jul! Fargerike og mjuke stoffer. Hurra! Dette frottéstoffet vert ein jo berre glad av! Eg er i gang med ein kolleksjon til lille F, først denne hettegenseren. 

Enda ei selebukse

Denne sydde eg vel egentlig for eit år sidan. Til sonen til naboen heime. Og eg har dessverre ikkje noko betre bilde av buksa.. Men denne vart eg faktisk riktig så nøgd med! Både stoff, farger, lapper, knapper og svingsømmer klaffa! Og difor er eg også litt småsur for at IKEA har slutta å selge akkurat dette stoffet..

Jøss...eg har strikka! Eller.. takk for skoa RH!

Eg har jo egentlig sagt at strikking er fryktelig kjedelig...når ein kan sy. Men får eg tjukke nok pinner og garn, så går det greit. Tidlegare i haust fekk eg eit par nesten ubrukte vintersko av mamman til Theo ettersom dei var for små til henne. Ho har dessuten skotta over på F's berg av heimestrikka ullklær (takk mormor!), og sutra litt stille over at ingen ville strikke til hennes unge.. Det måtte gjerast noko med.. versågod Theo og takk for skoa!

Hettegenser som takk for lånet!

Lille F har ei god venninne: lille L. Lille L har bursdag berre to dager før F, og ettersom mora var så snill og låne oss alskens babyutstyr for at eg kunne ha besøk av Hil og ungen, fekk Lille L denne som takk! 

Julekjole

Då eg var lita hadde eg ein vinraud...burgunder?...julekjole i velour. Eg hugsar eg syntes den var magisk fin. Eg hadde ingen planer om å forsøke gjenskape denne kjolen til lille F, men eg prøvde meg likevel på ein lilla julekjole til ho. Velour er altså noko herk i sy i... Men kjolen virka: F vart mett på julemat, fekk eit hav av flotte gåver og var storøyd og entusiastisk heile julafta! 

Mi første bestilling!

Hurra! Eg har fått mi første bestilling! Hil i Bergen ville gje heimesydde julegåver til sine to små nieser. Godt val! ;-) Bittelille L fekk ei kosebukse i lilla velour med turkise dromedarar på, mens lille S fekk ein raud og oransj omslagskjole. Eg har naturligvis berre greid å ta bilde av den eine.. (Kanskje Hil kan hjelpe meg med bilde på den andre..?)

Båtbukse

No er det visst ein stund sidan eg har oppdatert bloggen! Eg får skulde på flytting og juleferie og slike ting...? Eg har iallefall sydd eit og anna, men eg har ikkje fått tatt bilde av alt før eg har sendt det av garde. Typisk litt dårlig planlegging! 

Her har Mannen i huset involvert seg i handarbeidet! Mannen har ein greie for båter, OG han er flink å teikne, så her har F fått ein selebukse med fembøring på! Eg har sydd nokre slike selebukser tidlegare, men får liksom aldri til kanten oppe. Neste gong vert det eit anna mønster.. Eg syns likevel det er ei morsom bukse, særlig båten. Buksa er sydd av ein gamal duk mannen (!) hadde liggande!