onsdag 30. mars 2011

uglelue




Ugler er innmari in i hobbyverden har eg skjønt, og eg har jo som vanlig eit mål om være lik alle andre... Lille F har derfor fått uglelue. Ho har allerede ca 20 luer frå før, og treng strengt talt ikkje ei ny - og denne falt ikkje i smak ("NEEEEEEIII!") hos mottakaren sjølv. Eg syns den vart fin eg då... Sjølve uglemønsteret har eg henta frå ei oppskrift på ravelry, mens resten er sjølvkomponert. Eg får prøve å ta eit bilde av den i bruk når F er i humør til det - dagens ørten forsøk på å ta bilder har endt i vræling og resolutt luekasting. 

EDB-apparatfutteral



Den tidlegare nemnte onkel Jått er ein ekte EDB-mann, og han dukkar stadig opp med nye epleduppedittar. Forrige veke var det det ein snerten og luftig bitteliten mac, og han hadde omtrent følgande bestilling: Det fins for få sleeves (eller edb-apparatfutteral som eg heller vel å kalle det) til desse småmacane, vi (altså eg..) må sy nokre etter hans ideer. Etterkvart kjem alle til å kjøpe våre sleeves/EDB-apparatfutteral og VI VIL BLI RIKE! Mulig han ikkje sa det siste, men det hadde vore heilt greit om det vart slik. Den unge, urbane, moderne og velkledde onkel Jått oppsøkte den til den lokale stoffbutikken - eit trangt, støvete, kaotisk og overfylt lokale med eit interiør og betjening som truleg har vore uforandra sidan 50-talet - og kom heim med ymse stoffer. Verdt å nemne er at han tydeligvis har fått fôr-dilla, og alt skal heretter fôrast med det raudrutete stoffet som er vist her.. Produksjonen er oppe i 2 varianter - den eine vanntett og ultrafôra, og den andre stretchy og smal, som ein litt trang sokk. 



kramerlua



Onkel Jått ønkste seg ei spesialdesigna strikkalue til bursdag - den skulle ha mariusinspirert mønster og det skulle stå "kramer" på den. Eg strikka og syns den vart ganske fin. Etter at onkel Jått prøvde den kom han på at han egentlig klør av ull...og at det igrunn var litt ubehagelig å bruke lua. Vi fann derfor ut at vi måtte lage fôr til lua. Ettersom eg stort sett  syr barnekle for tida var det nåke begrensa utval av stretchy mjukt bomullsstoff, og valet falt på dette herlege raude stoffet med biller (larver?).. Eg er litt usikker på kva onkel Jått egentlig syns om stoffet, men han sei iallefall han er nøgd og at lua rett og slett er behageleg å bruke. At bomull er et nåke ugunstig materiale i uteplagg var ikkje så viktig i denne omgang...