mandag 29. september 2014

Vognpose med ugletrykk

Ein tidlegare kjøper ønskte ein sommarpose til guten sin. Kjøper har valgt ut stoffer, og ønskte i tillegg ein ugle-applikasjon på framsida. 





søndag 25. mai 2014

Sidan sist..

Det er visst ei stund sidan bloggen vart oppdatert. Eit og anna er likevel sydd sidan sist. Til dømes: 

Eit gje-vekk-sett i str 68 (bestilling): 
Eit gåvesett til ei nyfødd lita jente, str 62: 
Ei knebukse til ei jente som har hatt navnefest:
Ei vårlue til fireåringen (mønster frå Heilt Spesiell&Jubel):
Ein gul kjole (med sjokoladeisflekker ein varm maidag): 
Ein reprise, men denne gongen litt større, til ein gut (bestilling): 
Ein hettegenser i ull til ein nevø, str 6 år eller noko:
Ei joggebukse til den same nevøen:
Ein vimpe (bestilling):
Ein ipad-pose til husets tolvåring:
Nokre bukser til eit brødrepar i nord (bestilling): 
Ein genser til den eine av brødrene (bestilling): 
Nokre vognposer til to i nord, den eine vintertjukk og den andre sommartynn (bestilling):


Ein singlet til fireåringen:
Eit skjørt til fireåringen:
 Eit sett i ull til eittåringen:
Eit bambussett til eittåringen (ikkje heilt godt bilde):
Ei smurfedrakt:

tirsdag 3. september 2013

Jukser litt på bestefarsgenser

Dette stoffet fekk eg av lille solei etter ein sydate i sommer - veldig fint og mjukt, men var usikker på kva eg egentlig kunne bruke det til. Ein genser kanskje? Slik kanting (har sikkert eit fint ord på fagspråket, men eg aner ikkje i så fall) har eg aldri prøvd før, men det vart ganske fint? Knappestolpen er berre ein juksestolpe, tør ikkje tenke på kor vanskelig det må være å sy ein "ekte" ein.. 

ein gamal kjenning: selebukse

Det er lenge sidan eg har sydd ein slik selebukse, og det er omtrent like lenge sidan eg prøvde meg på ein applikasjon. Med litt inspirasjon mellom anna herfrå fekk eg plutselig lyst å sy ein til minstejenta. 

fredag 23. august 2013

Knytebukse i retrostoff

Eg har fått eit gamalt stoff av ei venninne - det er eit tynt og stivt frottéstoff. Var litt usikker på kva eg skulle bruke det til, men har prøvd meg på ein buksedrakt (heiter det det?) til minsta. For øvrig min første knytebukse - ganske smart, for sjølv om buksa egentlig er ein del for stor kan ho godt bruke den allerede no! No har eg halvparten av stoffet igjen, men har ikkje aning kva eg skal bruke det til.. nokre forslag?



fredag 19. juli 2013

Vognposefest!

Sommaren ramla over oss, og lille B hadde behov for ein lett og lys sommerpose i vogna si. Det var eit behov fleire hadde, og plutselig hadde eg bestilling på tre sommerposer i tillegg! No triller halve barselgruppa rundt med Dåjdåj-poser! Mødrene har valgt ut stoffer, og eg har sydd saman. Stas! Posene er såvidt fôra med tynnaste dyne frå IKEA, og har glidelås i botnen og på sidene. På den måten kan ein ta av heile overdelen på skikkelig varme dager, samtidig som ungen fortsatt sit lunt og godt på botnen. Ei løysing eg er veldig nøgd med! 






Gratulerer med dagen S!

Ein liten kompis har nettopp fylt eitt år! Han er ein skikkelig turgut, så han har fått ein vindtett utebukse av oss, klar for neste fjellerobring! 

tirsdag 7. mai 2013

Sommardrakt i retrogrøn

Det er riktignok ikkje heilt glovarmt ute enda, men det er stas å kunne ha litt meir sommarslege kle. Dette grøne frottéstoffet er min favoritt for tida!



Kosmonautdress

Lillesøster treng ein lett og vindtett dress, og eg var såpass crazy at eg slo til med raud farge! Og den MIR-patchen er berre heilt fantastisk! Det er knapping foran, og dressen er både enkel å sy og kle på. Eg har allerede fått bestilling på ein slik til ei lita venninne, eg gler meg! 


Vårbukser og skjørt

Vinteren er på hell, og det er behov for noko anna enn ullundertøy og kjeledress. Søstrene har fått matchande blomsterbukser, storesøster har fått smurfeskjørt og maskintunika. 










mandag 11. mars 2013

Bestillingsjakke

Eg har fått bestilling på ei jakke! Hurra, det er stas! Det er ei lita venninne i barselgruppa som får seg ny vårjakke. Eg må innrømme eg var skeptisk til det grå stoffet mora bestilte. Kjedelig, tenkte eg. Også når eg begynte å klippe ut og sy saman var eg overbevist om at dette var triste farger og kom til å bli ei kjedelig jakke. Når eg fekk sydd saman jakka heilt ferdig vart eg imidlertid overbevist - og ikkje så reint lite misunnelig! Dette vart faktisk superfint saman! Eg innser at eg kanskje bør hyre inn andre til å velge ut farger til meg..