onsdag 25. mai 2011

Selebukse. Grøn. Med g-nøkkel.

Eg fekk i oppdrag å lage noko som kunne gjevast til nokon som nettopp har fått ein unge. Desse nokon er visst glade i song og musikk og slikt, og det kan jo hende ungen liker dette også. Han (trur eg) har iallefall fått ein g-nøkkel og ein note på buksa si. Buksa er sydd i grøn cord og raudt skråband og ribb, og eg syns den vart ganske retro-aktig. 

mandag 23. mai 2011

Bukse. Igjen. Denne gongen svensk-aktig.

Bukse er lett og rask og sy, og er praktisk. Ei fin gåve å gje vekk, syns eg! Like før jul fekk eg møte ein herleg søtnos i hovedstaden, og eg hadde med denne buksa til ho. Endeleg har eg no fått tilsendt bilder slik at eg får blogga om buksa.. Etter eg hadde sydd ho kom eg på at lille frøkna faktisk er halvt svensk. Flaks med fargevalet! :-) 

søndag 15. mai 2011

Apeskjorte

Dette stoffet dumpa i postkassa mi for omlag eit år sidan. Eg syns det er kjempetøft, men har lenge lurt på kva eg egentlig kan bruke det til. Kan hende til ei sommarleg skjorte? Mønsteret er tatt sånn omtrentleg frå Günters bok, og første gongen eg sydde den skjorta ferdig hadde eg laga ei håplaus lita opning rundt halsen...kan hende eit lite dukkehode hadde greid å passere.. Å sprette opp og sy på nytt er ikkje mi favorittsyssel, særlig ikkje når vi snakke om firedoble saumar! Nokså forarga fekk eg jobben gjort, og denne gongen sparte eg ikkje på noko i splitten! Eg drister meg faktisk til å sei eg er nøgd med plagget :-) (det ser ut som skjortekragene ikkje er like høge foran, men det er dei altså...!)






Vårjakke

Eg har tidlegare laga denne, fantastisk herleg stoff! I barnehagen er det visst litt ugreit med faste hetter, og frøkna trengte noko nytt av jakke/genser. Så då vart det ein jakke i det same stoffet - uten hette! Og enda er det mykje igjen av stoffet - eg gruer meg til den dagen det er tomt.. 

søndag 1. mai 2011

Polkadotkåpe (vest?)



Vi var nylig i et bryllup, der tema for aftenen var "glitter og glam". Eg kan absolutt ingenting om mote, og aner ikkje kva dei egentlig meinte med temaet - men i mangel av betre forslag køyrde vi polkadotstil! Mannen i dress med eit polkadotskjerf i brystlomma (og raud topplue), undertegnede i raudt og kvitt og med polkadotskjerf - og lille F i polkadotkåpe (eller...her kjem kanskje mine manglande motekunnskaper til syne, eg veit ikkje ein gong kva eit slikt plagg heiter...kåpe? vest? kjole?)! Eg har lenge snusa på denne kåpa uten ermer i Ottobre design, men har vel egentlig tenkt at det ser ganske vanskelig ut å sy. Resultatet vart imidlertid ikkje så verst, iallefall ikkje på avstand! Eg anar ikkje om vi traff kleskoden slik brudeparet hadde sett det for seg, men vi fekk iallefall komplimenter for at vi matcha..