fredag 13. juli 2012

Og enda meir småkle

Eg har gradvis utvikla body-aversjon dei siste åra. Eg forstår at det er praktisk, men eg liker det ikkje likevel. Eit lite spedbarn bør kanskje riktignok egentlig ha body og ikkje bli mellombar..? Vel.. her har eg iallefall gjort genser av ein bodyoppskrift.




Småkle!

Mykje tyder på at vi plutselig kan få behov for småkle her i huset, og då F vart fødd gjekk det stort sett i ull og ull, men det kan kanskje være greit med noko lettare på seinsommaren? Størrelse 56 er veldig smått, men morsomt å sy! Dessuten har eg fått meg ny KAM-knappepresse, makan til kjekt verktøy! Vekk med hammer og skeive metallknapper! 






Gamal vogn blir ny

Ein veit liksom aldri heilt når ein kan få bruk for ein vogn her i huset.. Då lille F vart fødd for 2,5 år sidan arva vi denne Simovogna av min fetter. Eg vil tru den er kjøpt inn i 2001 eller noko - og det er ein heilt supergod vogn! Men altså...eg håper ikkje min fetters kone blir fornærma no, men eg er litt usikker på om eg greier å sjå at denne vogna er fin..? Gulrutete stoff? Vi brukte den akkurat som den var til lille F, men no har eg rett og slett tatt meg tid til å shine den opp littegrann. Ved hjelp av litt restestoff, saks og stoffmaling er den kanskje blitt littegrann meir nøytral i framtoninga? Eg vil tru brukaren ikkje bryr seg det grann uansett...



Jebussgåve til søsken

Eit herleg søskenpar i Bergen har nettopp hatt bursdag, og eg rakk akkurat i tide å sy bursdagsgåve til 5-åringen og 2-åringen! 5-åringen har fått ein retronikkers i cordfløyel i str 128. Ein litt rar størrelse spør du meg. Her er nikkersen vist på 10-åringen her i huset - smal og lang modell? 2-åringen har fått eit ballongskjørt i grøn cord. Gratulerer med dagen S og E! 






lørdag 26. mai 2012

Plutselig somar og fire nye kortebukser! (og vekking av blogg)

Somaren ramla over oss, og dei siste dagane har det jammen vore opp mot 28 grader her! Symaskina har ligge i dvale sidan desember eller noko, men no oppstod eit akutt behov for korte bukser i heimen - og ei bølge av sylyst kom over meg. Lille F har fått fire nye kortebukser: to knebukser og to enda kortare bukser. Retrokortebuksa i grøn frotté har eg lenge tenkt på å sy - dette stoffet vil eg ha meir av!!