tirsdag 2. november 2010

Turanorakk + turbukse

Etter massivt press frå den enorme lesarhopen viser eg anorakken te F. Vi flytter om ca tre dager, og omlag ingenting er pakka enda, men eg kjenner meg sikker på at eg fint kan bruke nokre minutt på blogging - det kan no ikkje ta så lang tid å pakke ned eit hus...? Iallefall: F har fått turanorakk! Den er sydd i kraftig bomull frå Norrøna. Eg meiner - er det turkle, så er det turkle!
Den er muligens sydd noko stor (str 86), men fint å ha nåke å ha plass til mange lag med ull under.. Ho har også fått ein enkel matchande bukse, og har no bedre turkle-garderobe enn både mora og faren..
Dette bildet tek eg med for å vise at det er sydd ein "F" på hetta. Eg var dessuten så ivrig etter å begynne å bruke anorakken at eg ikkje vaska den etter at eg sydde den. Derfor desse oransje strekane på F-en etter eit par mislukka skisser (kor vanskelig kan det være å tegne ein "F"?). Du hadde vel neppe sett det om eg ikkje hadde nevnt det..Eg kunne kanskje anstrengt meg for å ta nokre skikkelige bilder, men eg har ikkje tid, eg har eit hus å pakke...

søndag 31. oktober 2010

Bursdagsgåve til ein ettåring!

Den første ettåringen i barselgruppa vart feira idag! (Har det gått eit år allereie?!?) Dagens midtpunkt er yngst av tre søstre, og eg kjenner meg rimelig sikker på at det går mykje i rosa i den heimen ;-) Her måtte eg altså finne det mest jentete stoffet i hylla, og om her ikkje er noko rosa, så er det iallefall nokre lilla detaljar.. Kjolen er i utganspunktet lik den eg har laga tidlegare (ref gardininnlegg), men denne varianten er med fôr. Veldig enkelt å sy, og nokså fin på! (Og berre for å illustrere at vi straks er på flyttefot, tar eg med ein flyttlåda frå IKEA i bakgrunnen..)

Velkomen lille Th

Vi er minst to som syr på Jeløya! R-H har også funne pedalfoten, og er i gang med saumfaring ho og.. Nærare syklubb har eg aldri vore! For ganske nøyaktig to veker sidan organiserte vi vår første sykveld hos henne, men allereie etter ein halvtime tok vi kveld (iallefall eg - R-H er neppe enig, ho hadde nokre timar med solid arbeid foran seg). Utan å gje så veldig mange detaljer kan eg vel sei at i løpet av den halvtimen openberra det seg klare signaler på at ein fødsel var i gang (nei, det var ikkje eg som skulle føde), så eg tusla heim til meg sjølv og sydde dette settet til guten som var på veg. Kvelden etter vart lille Th. fødd, gratulerer så mykje R-H, og godt jobba!

fredag 8. oktober 2010

Nytt liv til gamal gardin

U har hatt same gardin på rommet sitt i åresvis, og eg har skult bort på den og tenkt at eg syns det er litt råflott at akkurat den heng på rommet te ein gut på 8 år som ikkje kunne bry seg mindre om korleis gardina ser ut. Eg tok difor ei sjefsavgjersle, og bestemte at U strengt talt ikkje treng gardin, det blir jo berre så mørkt heile tida. Han treng berre ein film på vinduet som hindrer for innsyn, og då får han også meir lys til legobygginga! Som tenkt, så gjort - og vips er deler av gardina forvandla til ein japansk-inspirert kjole til lille F. U utbraut tilogmed "åj, så fin kjole F har fått" (han har derimot aldri sagt noko a la "jeg har jammen fin gardin på rommet mitt jeg"..sådetså..). ((I ettertid har eg oppdaga fleire sølvtusj-flekkar på kjolen, men slik er det vel - har det vore guttegardin, så har det vore guttegardin..))

mandag 4. oktober 2010

fargeglade barneklær!


Eg har kanskje nevnt at eg ikkje er så glad i rosa...? Eg er ikkje heilt imponert over mine evner når det gjeld å sette saman farger og mønstre, men her syns eg faktisk eg har lukkast. Nokså crazy, men eg blir likevel glad av fargane! Mønster er frå Ottobredesign, men mønsteret på buksa er nokså modifisert. Stoffet er vel stort sett frå stoff&stil, trur eg, raud cord og mjukt elefantstoff (eg er ikkje inne i sy-terminologien enda, er det dette som er interlock?).


søndag 3. oktober 2010

Ny vognpose!

Lille F har fått seg ny vognpose idag! Vi har egentlig arva ein gamal voksipose, men eg får den ikkje heilt til å passe i vogna...bretting og knyting her og der, og deler av posen som dett utfor og gnisser borti hjulet (vi har kanskje ein litt vanskelig vogn når det gjeld slike ting..). Eg hadde ikkje heilt klart for meg korleis eg skulle sy ein vognpose, og hadde vel strengt talt ingen idé om korleis eg ville ha den heller. Men med lett planlegging og improvisering undervegs vart den altså slik. Eg trur den dug..? Stoff er grøn kord og fôrstoff frå stoff&stil, og posen inni er sydd av ei dyne kjøpt på jysk for nokre smålappar. Mønster er altså heilt fullstendig eige.


Lille F godkjenner posen...

tirsdag 25. mai 2010

Sommarfuglkjole

Vi får besøk i helga av hil og lille s på tre månader, og eg har laga ei lita sommargåve til lille (eg satser på at hil ikkje besøker bloggen min spesielt ofte..). Ei raud kjole i cordfløyel, og med ein slags sommarfugl applikert på. Eg har endeleg fått kjøpt vliesofix, og straks vart applikering ein leik.. Mønster er modifisert Gynther. Likte denne fronten betre, men anar ikkje korleis det ser ut på ein unge.

søndag 9. mai 2010

Sjøhestlue

Lille F måtte også få ei lue, sjølv om ho har omtrent 15 frå før. Ho er veldig glad i sjøhestar, og då måtte ho sjølvsagt få sjøhest på lua!

torsdag 29. april 2010

Sa eg bukse...?

Lille F er veldig fin i raud og oransj har vi funne ut. Denne buksa frå Günter har eg sydd eit par gonger tidligare, men applikasjon er nytt for meg, korleis gjer ein det eigentleg? Skal ein ikkje helst ha vlise..lin..? ..vliso..fix..? Ettersom eg aldri har tålmodighet til å verken teikne av mønster nøyaktig, måle opp eller nåle, så fekk denne litt forskjellig lengde på beina. Hadde det ikkje vore for applikasjonen hadde det vel ikkje synast...Bildet var ikkje av beste kvalitet, stoffet ser litt skittent ut. Men i røynda er det ein frisk raud cordfløyel.

Enda ei bukse..

Lille F måtte også få seg ei slik bukse som fetteren, sjølv om ho ikkje akkurat driv med så mykje jogging heilt enda... Mjuk og romsleg iallefall, eg skulle nesten ønske eg hadde ein slik sjølv!

Akrobatdress

Minste tantebornet er ein særs akrobatisk liten kar, og eg måtte prøve meg på ein liten joggedress til han. Mønster til buksa har eg vel i utgangspunktet henta frå Günther, men det er modifisert såpass mykje at eg nesten må kalle det mitt eige. Mønster til genseren er frå Ottobre design. Eg har aldri laga genser før, og iallefall ikkje slik halskant. Ingen har fortalt meg at eg må klippe stoffet på skrå, så difor ser det slik ut. Sydd i mjuk velur frå Stoff&Stil. Eg var eigentleg redd den skulle bli for liten, sydd i str 2 år, men den passa akkurat!

Til kalde dager..

Eg er så heldig at eg har fått tre fantastiske tanteborn i vinter! Dei har vel eigentleg vore van med eit noko lunare klima, og derfor tenkte eg at tre varme bukser kunne være godt å ha på hustrige dagar! Sydd etter modifisert mønster frå Ottobre design og Günthers "Børnetøj..", stoff frå Stoff&Stil og Ikea. Er relativt nøgd med dei to største buksene, men på den minste vart det noko herk med kanteband (det har eg aldri prøvd før) og seleopplegg...

mandag 22. mars 2010

Til prinsesse S!

Den bedre halvdelen av hilvil har nylig fått ei datter: naturligvis prinsesse S av Bergen! Gratulerer! hilvil har hatt mykje moro av å tøyse rundt bruken av betegnelsen 'prinsesse' på jentebabyer, og eg kunne derfor ikkje dy meg, forrige innlegg tatt i betraktning: eg måtte lage ei prinsesselue! Mønster er eget.

Rosa prinsesse

Eg har aldri heilt skjønt greia med at ein omtalar ungane sine som "prinsen min", eller "lille prinsessa vår".Datra mi er sjølvsagt den mest fantastiske og søte ungen, men prinsesse...? Må eg dulle ho opp som ein pyntedukke også? Eg foretrekk varme og behagelige klær, og kler ho gjerne opp i blått, brunt, grønt (men også lilla, rosa, rødt, gult), og får ofte kommentarar som "åh, så søt han er" eller "kor gamal er han?" når folk kikker oppi vogna. Det er like morsomt kvar gong å kunne svare "ho er fire mnd", eller "takk, ho er veldig fin ja"..


onsdag 17. februar 2010

Ullefant


Eg har aldri strikka leikedyr før, og måtte prøve då eg kom over denne etelleranna sted på nettet.. F har allerede vist si interesse for den - den laga tilogmed lyd (med bjelle i snabelen). Og for øvrig ser eg at kjøkengolvet treng ein vask..

sokkekorg


Vi er ikkje så flinke til å holde orden..og leikegrinda i stova blir fort brukt til oppbevaring av leiker, bamser, luer, votter, ullklær, sokker, smokker, ammepute, gulpegluter og lille F - og til slutt finn vi ingen av tinga i kaoset. Her er første forsøk i å rydde opp: ein sokke- og vottekorg! Utsnittet av stoffet er kanskje litt uheldig..eg er ingen USA-fan. Ideen har eg henta frå pickles, og eg skal nok sy fleire til resten av rotet..

tirsdag 16. februar 2010

Varmeugle

U ymta ein gong frampå at han ønskte seg ein varmeflaske, men eg lagde likegjerne ein varmeugle til han i stedet! Ideen til ugla fann eg et sted på nettet (hugser ikkje kor, men har skjønt at det er "vanlig" å linke til dei ein stjeler ideer frå, så eg skal finne ut av det..), og den er fylt med byggryn slik at den kan varmast i mikroen. Eg har aldri prøvd å sy slik lappeteknikk før (det har kanskje et betre namn?), men er relativt nøgd. U er også veldig nøgd, og syns det er stas at det lukter popcorn i senga!




mandag 15. februar 2010

Ny hobby...?

For omlag eit år sidan kjøpte eg meg ein dyr symaskin, og eg har ein pose full av strikkepinner. Ein skulle kanskje tru at eg er interessert i handarbeid og søm og slikt, men det har eg aldri tenkt om meg sjølv.. Likevel - etter å ha lista meg rundt på andres heimesnekringsblogger i ei tid har eg blitt inspirert, og syns faktisk det er ganske stas å lage ting som ikkje alle andre har til lille F. Eg veit ikkje om ho bryr seg så veldig enda, ettersom ho berre er tre månader, men eg vil tru (håper!) ho likevel kjenner meir velbehag feks i ullkle enn i bomull og syntet...kanskje...