lørdag 26. mai 2012

Plutselig somar og fire nye kortebukser! (og vekking av blogg)

Somaren ramla over oss, og dei siste dagane har det jammen vore opp mot 28 grader her! Symaskina har ligge i dvale sidan desember eller noko, men no oppstod eit akutt behov for korte bukser i heimen - og ei bølge av sylyst kom over meg. Lille F har fått fire nye kortebukser: to knebukser og to enda kortare bukser. Retrokortebuksa i grøn frotté har eg lenge tenkt på å sy - dette stoffet vil eg ha meir av!!








fredag 16. september 2011

Gamal gardin er blitt pysj til fireåring

Ein nevø av meg fyller fire år imorgon - gratulerer med dagen! I den anledning har eg laga ein pysj til han. Kanskje ikkje akkurat det han ønskte seg mest, men pysjer må ein jo ha.. Eg har klipt i stykker ein gamal solbleika gardin, og eg syns denne pysjen vart ganske ...pysj...aktig..! Forhåpentligvis får eg eit bilde av pysjen i bruk etterkvart :-)


torsdag 25. august 2011

Takk for lånet-bukse!

Etter at lille F vart fødd fekk eg låne ein vippestol av søstra til ei venninne. Tusen takk for lånet! No har denne søstra fått ein ny liten knott, og omsider har eg fått levert tilbake vippestolen. Som takk for lånet har eg sydd ei selebukse i cord og eit mjukt kløverstoff til den herlege lille (store!) gutten. 


Bilda her vart litt merkelige..det ser ut som eg har laga ein snor eller noko midt i livet på buksa, men det er altså berre ein saum.. Mogleg eg skal sette stoffstykka bak litt høgare neste gong eg syr ei slik bukse..


søndag 31. juli 2011

Jebussbukse!

Eg og F skal i eittårsdag til store lille Johan - gratulerer med dagen idag! Eg har i all hast sydd saman ei lett cordfløyelbukse i str 92 til pjokken, håper den fell i smak. 


søndag 24. juli 2011

Ikkje lenger unik

Eg har fått storbestilling på selebukser (ein bestilling på fire bukser nesten samtidig er tre bukser fleir enn noko anna bestilling)! Eg har laga to nye selebukser med g-nøkkel på, men denne gongen har eg applikert på sjølve g-nøkkelen. I tillegg fekk eg bestilling på ein meir "guttete" selebukse, gjerne med ein motorsykkel på. Motorsykkel er ikkje akkurat det enklast eg har forsøkt å applikere, kan nokon teikne ein enkel og fin motorsykkel til meg? Den siste buksa skulle helst ha eit friluftslivsrelatert preg. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å lage noko fjell-/isbreaktig, men innsåg at det var heilt urealistisk for meg å få det til. Det vart derfor nokre ugler i eit tre. 

tirsdag 5. juli 2011

Vognpose til vår- og haustbruk

Ein pjokk i nord skal få seg ny vognpose! Eg har sydd denne tidlegare, men ville endre litt på designet. Posen er like lang og brei, men har fått lange glidelåser i kvar side, og kan opnast nesten heilt ned. I tillegg har eg laga ein strikkstramming øverst i ryggen/over hodet, eg tenker det kanskje blir litt lunare på hustrige dager slik. Posen har også fått hol til selane i vogna, nåke som er eit mareritt å skulle sy. Ein fløffy pose med stoff som sklir krøller og bretter seg, og sytråden oppfører seg snodig. Sprettern er flittig brukt, og resultatet er ikkje blitt pent. Men praktisk.. 

søndag 19. juni 2011

Retro selebukse med skilpadde

Eg fekk ei bestilling på ei selebukse til ein snart nyfødd. Den skulle gjerne være litt retroaktig, og skilpadderelatert. Ein får det vel knappast meir retro enn med desse fargane! Eg er litt usikker på om akkurat skilpaddeapplikasjon er mi styrke, men eit spedbarn bryr seg kanskje ikkje..?

torsdag 16. juni 2011

sommarlue for nordnorgebarn

Nordnorgepjokken som er nevnt i innlegget under treng visst ei vår-/sommarlue. Litt vindtett, men ikkje så fryktelig varm. Eg har laga ei lue i tynn cordfløyel, og fôra med eit tynt ullstoff. Her har eg tatt utgangspunkt i et mønster i Gyntherboka, men har blant anna lagt til ein strikk bak og laga ein skyggebrem. Eg er spent på om det passar..


Ny utebukse til ein friluftsgutt!

Eg har fått bestilling på ei slik! Kjøparen er ein hundekøyrar i nord, og burde vel være opptatt av at uteklea er funksjonelle og solide. Eg er veldig spend på om pjokken hennar trivast i buksa! Vi er nøgd med lille f's bukse, men eg er kanskje ikkje heilt objektiv i vurderinga.. Det er litt uklart kva størrelse buksa er i, sånn omtrentlig 2 år kanskje. Den er litt større enn den eg sydde til lille F, muligens litt stor til å begynne med, men med litt kraftfôr veks nok pjokken fort inn i den! Av finesser er det strikk i livet, vanntett lappar på kne og rumpe, justerbar strikk under beina og ekstraknapper på selene slik at den buksa kan justerast i fire forskjellige lengder. For øvrig sydd i bevernylon. 




torsdag 9. juni 2011

Solhatt/cap

Eg kom ein gong over nokre flotte capsar her, og har lenge hatt lyst å prøve lage ein slik til lille F. Eg har ikkje kome over noko mønster, og har ikkje peiling på korleis ho har laga dei. Eg måtte likevel prøve - her er første forsøk. Det vart ikkje så verst...? Den vart noko for stor, så eg måtte sy den ned - derfor den ekstra saumen.. F nektar å bruke alle slags variantar av solhattar/solbriller og lignande, men denne har ho faktisk akseptert! Den ser litt skeiv ut, men bildet lyg ;-) Eg skal få tatt eit betre bilde....ein annan gong..  


Navnefestgåve

Lille Fs storebrors lillesøster (vi er ein moderne familie..) har akkurat hatt navnefest - gratulerer med eit flott navn! Ho har fått eit sommarsett med shorts og ein t-skjorte med jentete snitt. Eller kanskje det er ein kjole? Klea er kanskje litt store - modellen her er nesten eit år eldre. Men passer det ikkje i år så passer det vel neste år...?



Selebukse. Ka?

Eg har kanskje nevnt før at eg ikkje er så glad i rosa og prinsessetøy.. Blå er ein fin farge - og fint også til jenter! Lille F har fått blå selebukse med lommer og ka? på ryggen.

Larvejakke med larvefôr og tilhøyrande larvelue

Hils datter har "nettopp" fylt året (les: for fire månadar sidan) - og dette har eg egentlig hatt klar lenge i jebussgåve. Avogtil tar det laaang tid å få sendt ting av garde i posten.. I dette tilfellet måtte eg rett og slett sette meg på toget til vestlandsbyen og overrekke gåva i døra! Dei vart så glade for gåva at eg fekk bu der i nokre dager, og ettersom Hil også er bitt av sybasillen stod ikkje symaskina stille eit sekund desse dagane! Kjekt!


Sydenkle til ein liten sydenfarar!

For nokre veker sidan fekk vi overnattingsbesøk av nokre sydenfararar frå heimbygda mi - kjempestas å få besøk! Veslepjokken måtte naturligvis få med seg eit sydenkostyme - ei fargerik T-skjorte og ein bermudashorts! Her er nokre bilder som viser at klea fungerte godt til både morgontrim og nærstudier av Mallorcas fauna.



onsdag 25. mai 2011

Selebukse. Grøn. Med g-nøkkel.

Eg fekk i oppdrag å lage noko som kunne gjevast til nokon som nettopp har fått ein unge. Desse nokon er visst glade i song og musikk og slikt, og det kan jo hende ungen liker dette også. Han (trur eg) har iallefall fått ein g-nøkkel og ein note på buksa si. Buksa er sydd i grøn cord og raudt skråband og ribb, og eg syns den vart ganske retro-aktig.