Ein nevø av meg fyller fire år imorgon - gratulerer med dagen! I den anledning har eg laga ein pysj til han. Kanskje ikkje akkurat det han ønskte seg mest, men pysjer må ein jo ha.. Eg har klipt i stykker ein gamal solbleika gardin, og eg syns denne pysjen vart ganske ...pysj...aktig..! Forhåpentligvis får eg eit bilde av pysjen i bruk etterkvart :-)
fredag 16. september 2011
torsdag 25. august 2011
Takk for lånet-bukse!
Etter at lille F vart fødd fekk eg låne ein vippestol av søstra til ei venninne. Tusen takk for lånet! No har denne søstra fått ein ny liten knott, og omsider har eg fått levert tilbake vippestolen. Som takk for lånet har eg sydd ei selebukse i cord og eit mjukt kløverstoff til den herlege lille (store!) gutten.
Bilda her vart litt merkelige..det ser ut som eg har laga ein snor eller noko midt i livet på buksa, men det er altså berre ein saum.. Mogleg eg skal sette stoffstykka bak litt høgare neste gong eg syr ei slik bukse..
Bilda her vart litt merkelige..det ser ut som eg har laga ein snor eller noko midt i livet på buksa, men det er altså berre ein saum.. Mogleg eg skal sette stoffstykka bak litt høgare neste gong eg syr ei slik bukse..
søndag 31. juli 2011
Jebussbukse!
Eg og F skal i eittårsdag til store lille Johan - gratulerer med dagen idag! Eg har i all hast sydd saman ei lett cordfløyelbukse i str 92 til pjokken, håper den fell i smak.
søndag 24. juli 2011
Ikkje lenger unik
Eg har fått storbestilling på selebukser (ein bestilling på fire bukser nesten samtidig er tre bukser fleir enn noko anna bestilling)! Eg har laga to nye selebukser med g-nøkkel på, men denne gongen har eg applikert på sjølve g-nøkkelen. I tillegg fekk eg bestilling på ein meir "guttete" selebukse, gjerne med ein motorsykkel på. Motorsykkel er ikkje akkurat det enklast eg har forsøkt å applikere, kan nokon teikne ein enkel og fin motorsykkel til meg? Den siste buksa skulle helst ha eit friluftslivsrelatert preg. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å lage noko fjell-/isbreaktig, men innsåg at det var heilt urealistisk for meg å få det til. Det vart derfor nokre ugler i eit tre.
tirsdag 5. juli 2011
Vognpose til vår- og haustbruk
Ein pjokk i nord skal få seg ny vognpose! Eg har sydd denne tidlegare, men ville endre litt på designet. Posen er like lang og brei, men har fått lange glidelåser i kvar side, og kan opnast nesten heilt ned. I tillegg har eg laga ein strikkstramming øverst i ryggen/over hodet, eg tenker det kanskje blir litt lunare på hustrige dager slik. Posen har også fått hol til selane i vogna, nåke som er eit mareritt å skulle sy. Ein fløffy pose med stoff som sklir krøller og bretter seg, og sytråden oppfører seg snodig. Sprettern er flittig brukt, og resultatet er ikkje blitt pent. Men praktisk..
søndag 19. juni 2011
Retro selebukse med skilpadde
Eg fekk ei bestilling på ei selebukse til ein snart nyfødd. Den skulle gjerne være litt retroaktig, og skilpadderelatert. Ein får det vel knappast meir retro enn med desse fargane! Eg er litt usikker på om akkurat skilpaddeapplikasjon er mi styrke, men eit spedbarn bryr seg kanskje ikkje..?
torsdag 16. juni 2011
sommarlue for nordnorgebarn
Nordnorgepjokken som er nevnt i innlegget under treng visst ei vår-/sommarlue. Litt vindtett, men ikkje så fryktelig varm. Eg har laga ei lue i tynn cordfløyel, og fôra med eit tynt ullstoff. Her har eg tatt utgangspunkt i et mønster i Gyntherboka, men har blant anna lagt til ein strikk bak og laga ein skyggebrem. Eg er spent på om det passar..
Ny utebukse til ein friluftsgutt!
Eg har fått bestilling på ei slik! Kjøparen er ein hundekøyrar i nord, og burde vel være opptatt av at uteklea er funksjonelle og solide. Eg er veldig spend på om pjokken hennar trivast i buksa! Vi er nøgd med lille f's bukse, men eg er kanskje ikkje heilt objektiv i vurderinga.. Det er litt uklart kva størrelse buksa er i, sånn omtrentlig 2 år kanskje. Den er litt større enn den eg sydde til lille F, muligens litt stor til å begynne med, men med litt kraftfôr veks nok pjokken fort inn i den! Av finesser er det strikk i livet, vanntett lappar på kne og rumpe, justerbar strikk under beina og ekstraknapper på selene slik at den buksa kan justerast i fire forskjellige lengder. For øvrig sydd i bevernylon.
torsdag 9. juni 2011
Solhatt/cap
Eg kom ein gong over nokre flotte capsar her, og har lenge hatt lyst å prøve lage ein slik til lille F. Eg har ikkje kome over noko mønster, og har ikkje peiling på korleis ho har laga dei. Eg måtte likevel prøve - her er første forsøk. Det vart ikkje så verst...? Den vart noko for stor, så eg måtte sy den ned - derfor den ekstra saumen.. F nektar å bruke alle slags variantar av solhattar/solbriller og lignande, men denne har ho faktisk akseptert! Den ser litt skeiv ut, men bildet lyg ;-) Eg skal få tatt eit betre bilde....ein annan gong..
Navnefestgåve
Lille Fs storebrors lillesøster (vi er ein moderne familie..) har akkurat hatt navnefest - gratulerer med eit flott navn! Ho har fått eit sommarsett med shorts og ein t-skjorte med jentete snitt. Eller kanskje det er ein kjole? Klea er kanskje litt store - modellen her er nesten eit år eldre. Men passer det ikkje i år så passer det vel neste år...?
Selebukse. Ka?
Eg har kanskje nevnt før at eg ikkje er så glad i rosa og prinsessetøy.. Blå er ein fin farge - og fint også til jenter! Lille F har fått blå selebukse med lommer og ka? på ryggen.
Larvejakke med larvefôr og tilhøyrande larvelue
Hils datter har "nettopp" fylt året (les: for fire månadar sidan) - og dette har eg egentlig hatt klar lenge i jebussgåve. Avogtil tar det laaang tid å få sendt ting av garde i posten.. I dette tilfellet måtte eg rett og slett sette meg på toget til vestlandsbyen og overrekke gåva i døra! Dei vart så glade for gåva at eg fekk bu der i nokre dager, og ettersom Hil også er bitt av sybasillen stod ikkje symaskina stille eit sekund desse dagane! Kjekt!
Sydenkle til ein liten sydenfarar!
For nokre veker sidan fekk vi overnattingsbesøk av nokre sydenfararar frå heimbygda mi - kjempestas å få besøk! Veslepjokken måtte naturligvis få med seg eit sydenkostyme - ei fargerik T-skjorte og ein bermudashorts! Her er nokre bilder som viser at klea fungerte godt til både morgontrim og nærstudier av Mallorcas fauna.
onsdag 25. mai 2011
Selebukse. Grøn. Med g-nøkkel.
Eg fekk i oppdrag å lage noko som kunne gjevast til nokon som nettopp har fått ein unge. Desse nokon er visst glade i song og musikk og slikt, og det kan jo hende ungen liker dette også. Han (trur eg) har iallefall fått ein g-nøkkel og ein note på buksa si. Buksa er sydd i grøn cord og raudt skråband og ribb, og eg syns den vart ganske retro-aktig.
mandag 23. mai 2011
Bukse. Igjen. Denne gongen svensk-aktig.
Bukse er lett og rask og sy, og er praktisk. Ei fin gåve å gje vekk, syns eg! Like før jul fekk eg møte ein herleg søtnos i hovedstaden, og eg hadde med denne buksa til ho. Endeleg har eg no fått tilsendt bilder slik at eg får blogga om buksa.. Etter eg hadde sydd ho kom eg på at lille frøkna faktisk er halvt svensk. Flaks med fargevalet! :-)
søndag 15. mai 2011
Apeskjorte
Dette stoffet dumpa i postkassa mi for omlag eit år sidan. Eg syns det er kjempetøft, men har lenge lurt på kva eg egentlig kan bruke det til. Kan hende til ei sommarleg skjorte? Mønsteret er tatt sånn omtrentleg frå Günters bok, og første gongen eg sydde den skjorta ferdig hadde eg laga ei håplaus lita opning rundt halsen...kan hende eit lite dukkehode hadde greid å passere.. Å sprette opp og sy på nytt er ikkje mi favorittsyssel, særlig ikkje når vi snakke om firedoble saumar! Nokså forarga fekk eg jobben gjort, og denne gongen sparte eg ikkje på noko i splitten! Eg drister meg faktisk til å sei eg er nøgd med plagget :-) (det ser ut som skjortekragene ikkje er like høge foran, men det er dei altså...!)
Vårjakke
Eg har tidlegare laga denne, fantastisk herleg stoff! I barnehagen er det visst litt ugreit med faste hetter, og frøkna trengte noko nytt av jakke/genser. Så då vart det ein jakke i det same stoffet - uten hette! Og enda er det mykje igjen av stoffet - eg gruer meg til den dagen det er tomt..
søndag 1. mai 2011
Polkadotkåpe (vest?)
Vi var nylig i et bryllup, der tema for aftenen var "glitter og glam". Eg kan absolutt ingenting om mote, og aner ikkje kva dei egentlig meinte med temaet - men i mangel av betre forslag køyrde vi polkadotstil! Mannen i dress med eit polkadotskjerf i brystlomma (og raud topplue), undertegnede i raudt og kvitt og med polkadotskjerf - og lille F i polkadotkåpe (eller...her kjem kanskje mine manglande motekunnskaper til syne, eg veit ikkje ein gong kva eit slikt plagg heiter...kåpe? vest? kjole?)! Eg har lenge snusa på denne kåpa uten ermer i Ottobre design, men har vel egentlig tenkt at det ser ganske vanskelig ut å sy. Resultatet vart imidlertid ikkje så verst, iallefall ikkje på avstand! Eg anar ikkje om vi traff kleskoden slik brudeparet hadde sett det for seg, men vi fekk iallefall komplimenter for at vi matcha..
lørdag 30. april 2011
Utebukse i baevernylon
Plutselig var det ikkje så mykje snø lenger, og jammen har vi dager det ikkje regner! Lille F trengte ei solid utebukse som ikkje er fôra eller vanntett og klam. Denne er sydd i baevernylon, ganske så vannavstøtande, og klin umulig å slite i stykker. Forsterkning på kne og rumpe er sydd i HellyTech (trur eg...stoffet kjem iallefall frå Helly Hansen-fabrikken..) - så gjer det ingenting om det er litt vått i graset eller i marka! Mønster på selebukse fann eg i ei bok, og eg har lagt til det eg meiner kanskje er fornuftig av forsterkning og strikk og denslags. Den sit veldig godt på!
Abonner på:
Innlegg (Atom)