onsdag 30. mars 2011

EDB-apparatfutteral



Den tidlegare nemnte onkel Jått er ein ekte EDB-mann, og han dukkar stadig opp med nye epleduppedittar. Forrige veke var det det ein snerten og luftig bitteliten mac, og han hadde omtrent følgande bestilling: Det fins for få sleeves (eller edb-apparatfutteral som eg heller vel å kalle det) til desse småmacane, vi (altså eg..) må sy nokre etter hans ideer. Etterkvart kjem alle til å kjøpe våre sleeves/EDB-apparatfutteral og VI VIL BLI RIKE! Mulig han ikkje sa det siste, men det hadde vore heilt greit om det vart slik. Den unge, urbane, moderne og velkledde onkel Jått oppsøkte den til den lokale stoffbutikken - eit trangt, støvete, kaotisk og overfylt lokale med eit interiør og betjening som truleg har vore uforandra sidan 50-talet - og kom heim med ymse stoffer. Verdt å nemne er at han tydeligvis har fått fôr-dilla, og alt skal heretter fôrast med det raudrutete stoffet som er vist her.. Produksjonen er oppe i 2 varianter - den eine vanntett og ultrafôra, og den andre stretchy og smal, som ein litt trang sokk. 



1 kommentar:

  1. Stilig futerale! Håper bisnissen tar av, og at du blir rik og får egen jet og kan komme ofte på besøk!! Jeg fikk ny mobil på fredag, og jeg hadde ikke hatt den i mange timer før en mobilsovepose var sydd ;)

    SvarSlett