søndag 31. oktober 2010

Bursdagsgåve til ein ettåring!

Den første ettåringen i barselgruppa vart feira idag! (Har det gått eit år allereie?!?) Dagens midtpunkt er yngst av tre søstre, og eg kjenner meg rimelig sikker på at det går mykje i rosa i den heimen ;-) Her måtte eg altså finne det mest jentete stoffet i hylla, og om her ikkje er noko rosa, så er det iallefall nokre lilla detaljar.. Kjolen er i utganspunktet lik den eg har laga tidlegare (ref gardininnlegg), men denne varianten er med fôr. Veldig enkelt å sy, og nokså fin på! (Og berre for å illustrere at vi straks er på flyttefot, tar eg med ein flyttlåda frå IKEA i bakgrunnen..)

3 kommentarer:

  1. Oj, den ble skikkelig kul og jentete! Før en sånn opp på lille S sin ønskeliste til jul.. :D

    SvarSlett
  2. Å, den var veldig fin! Kanskje eg må prøve meg på noko sånt ein gong! Takk for sist til deg også, eg har jo vore innom bloggen din ein gong, veldig kjekt å finne den igjen :)

    SvarSlett